Det melder NRK Vestland.

Førdianaren har mange år på baken som volleyballproff. Han flytta til Bergen då han la opp karriera. I fjor flytta han tilbake til heimbyen og starta i ny jobb.

Eithun har spelt på både junior- og seniorlandslaget i volleyball, og har også mange år på kappa som spelar for volleyballklubben i Førde. Frå 2010 begynte han å satse på sandvolleyball, og tok bronse i NM saman med Vegard Høidalen.

I 2014 blei han norsk meister i sandvolleyball med Iver Horrem. Dei vann nordisk meisterskap same året.