Gå til sidens hovedinnhold

Gåvepakke til idrettshallane i Jølster?

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg registerer at Jølster-politikarar jubla og kalla ei tildeling av av fem kraftmillionar, til utbygging av idrettshallane i Jølster for ein gåvepakke. Men er idretten den sjølvsagde gåvemottakar?

Som kjent har administrasjonen i Sunnfjord kommune store problem med å få sydd saman budsjettet for 2020 og vidare må driftsutgiftene reduserast med 87.5 millionar i løpet av dei 4 første åra.

Og aller verst vil dette gå ut over helse- og omsorg. Når det gjeld spesielt resurskrevande pasientat yter staten eit betydeleg bidrag, men kommunen må i tillegg betale ein eigenadel på ca 14 millionar, og desse midlane er det ikkje funne dekning for i budsjettet.

I omsorgsplanen for den nye kommunen er det planlgt 2 avdelingar for pasientar med spesielle behov.:

Ei korttidsavdeling i Førde for pasientar med spesielle behov (t.d. nyutskrevne frå sjukehuset) som treng ekstra legehjelp/spesialsjukepleiarar + opptrening. Ei korttidsavdeling på Skei for dei som treng fysioterapi/ ergoterapi + legetilsyn. Foreløpig finners det ikkje ein reell kalkyle over kva dette vil koste, og det er slett ikkje komme med på budsjettet. Førde har t.d. ikkje hverken nok lokaler eller nok kvalifiserte pleiarar til ei slik avdeling. På Skei manglar det stort sett kvalifiserte tenestmenn over heile spekteret.

Avlastningsansvaret for senil demente er frå 1.1.20 overført til kommunane, uten at dette er komme til syne i budsjettet. Etter kvart som samanslåingsprosessen held fram, kjem det stadig fleire «lik ut av skapet» i form av underbudsjetterte utgifter og overvurderte inntekter.

Dessuten skriv avisene om heilt uverdige forhold i skulesektoren, klasserom som ikkje kan brukast når det regner og vindauge som held på å dette ut. Politikarane bør tenke på at veljarane ikkje har gjeve dei fullmakt til å skalte og valte med våre skattepengar til prestisjeprosjekt for dei få.

Vi ynskjer oss betre tenester for folk flest og at vi får dei, når vi har behov for dei. Det er hyggjeleg med gåver, men det kan umogeleg vere idretten sin tur , også denne gongen. Der er utvilsomt livsviktige prosjekt som har gjort seg meir fortent til gåvepakkar enn idrettshallane i Jølster.

Kommentarer til denne saken