Gaularfjellet framleis stengt grunna rasfare

Opnar tidlegast på måndag, melder Vegvesenet.

DEL

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er framleis stengt grunna uvêr og fare for snøras. Det kjem fram av synfaringa som vart gjort fredag morgon klokka 09.00.

Vegen vart stengt grunna eit snøras torsdag, og etter at vegen vart rydda vurderte ein rasfaren som så stor at ein avventa med å opne vegen.

No er altså rasfaren framleis veldig gjeldande ifølge Vegvesenet, og vegen vil difor ikkje bli opna gjennom helga. Tidlegaste opning er måndag, om vegen blir rekna som trygg ved synfaring klokka 09.00.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken