Gå til sidens hovedinnhold

Gaularfjellet er ope igjen

Fv. 613 over Gaularfjellet blei i natt stengt grunna snø i vegbanen, og fare for ras.

– Rundt midnatt fekk vi ei melding om at det var komme større mengder snø i vegbanen, seier Tom Erik Englaugstad.

Han er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest.

Personbilar kom seg ikkje fram på staden, og det blei sendt ut entreprenørselskap for å vurdere situasjonen.

– Dei valde å stenge vegen grunna snøen som hadde rasa ut, og på grunn av fare for nytt og større ras, seier Englaugstad.

Klokka 10.13 vart Gaularfjellet ope for trafikk etter raset.

Les også

Høgspentline skadd i grasbrann i Erdalen

Les også

Grasbrann i Erdalen

Les også

Fekk meldingar om røykutvikling i Førde

Kommentarer til denne saken