– Vi ønskjer å få Langeland til å bli eit anlegg ein også kan bruke om sommaren og, slik at det ikkje ligg i brakk halve året, seier styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Bjørset.

For ei tid tilbake sidan var han saman med Atle Skrede i Gaular og presenterte planane sin for kommunestyret der. Planane dei eigentleg skulle presentere var for ei rulleskibane.

Utvida planane

– Vi har gjort nokre endringar, og tenkjer ikkje at dette skal vere eit anlegg berre for dei som vil gå på ski. Vi ønskjer å få med andre aktivitetar også, til dømes sykling. Det er ikkje noko i vegen for at syklistar skal kunne bruke ei bane som vi lagar til, seier Bjørset.

Han fortel at dei no har vore på friarferd til Gaular kommune, og at dei også har planar om å ha dialog med Førde, då dette er eit interkommunalt idrettsanlegg.

– I tillegg vil vi søkje om både spelemidlar og programsatsingsmidlar, seier Bjørset.

Kostar kring 8 millionar

For nettopp finansieringa av anlegget er neste steg.

– Vi har hatt eit ønskje om å få til eit anlegg for dei som vil gå på rulleski, men etter to dårlege vintrar måtte vi prioritere å sette opp eit nytt snøproduksjonsanlegg i fjor. Då blei dette utsett, seier han.

Dei som har brukt rulleski som ei treningsform har vore nøydt til å nytte seg av bilvegane for å få trent, dette vil ein no gjere noko med.

– Det viktigaste er å få folk ut av vegane, seier Bjørset, og er klar over at det berre er eit par år sidan ein person mista livet etter å ha blitt påkøyrt då han trente på rulleski.

Bana dei ønskjer å få til på Langeland kan du sjå på teikninga til høgre.

– Vi siktar oss inn på eit prosjekt på totalt 3,3 km lengde, og førebels kostnadsoverslag er på i overkant av 8 mill kr.

Då vil vi ha eit godt anlegg både for breidde og dei som satsar. Samtidig vil det legge til rette for at vi på sikt også kan få til eit skiskyttaranlegg. Vi håpar å få til rulleskibana i  løpet av 2016, seier Bjørset til Firda.