Dagsturhytte er bestilt. Vil plassere den opp mot Storehesten

VIL HA HYTTA HER: Gaular kommune håpar å plasasere hytta på toppen av eller under Kårstadskaret (til høgre for Storehesten på bildet). Her ser vi Anne Lilleaasen (H), leiar for Oppvekst og kultur i kommunen.

VIL HA HYTTA HER: Gaular kommune håpar å plasasere hytta på toppen av eller under Kårstadskaret (til høgre for Storehesten på bildet). Her ser vi Anne Lilleaasen (H), leiar for Oppvekst og kultur i kommunen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Hytta kjem i oktober. Kommunen håpar den kan ligge ved Kårstadskaret, og er no i dialog med grunneigarane.

DEL

I løp av året skal alle kommunane i fylket ha på plass dagsturhytter på 15 kvadratmeter. Eid, Flora, Gloppen, Jølster og Luster har sine på plass.

Gaular si er bestilt og kjem i oktober. Kommunen ønsker å ha den anten på toppen av Kårstadskaret, eller lenger nede ved Kårstadstølen.

– Vi har gjort vedtak under føresetnad av at grunneigar samtykker: at hytta skal ligge i området Kårstadskaret opp mot Storehesten i Bygstad. Endeleg plassering er ikkje bestemt enno, for vi ser litt på kor den bør ligge med tanke på snø, vind og vêr, seier Anne Lilleasen (H), som er leiar for Oppvekst og kultur i Gaular kommune.

I dialog med grunneigarane

Lilleaasen seier at kommunen er i dialog med grunneigarane om denne plasseringa.

– Vi kjem til å kalle inn til snarleg møte med grunneigarar for å komme til einigheit. Dei har vore positive for tilrettelegginga for stien opp mot Storehesten, og vi føler vi har dei med oss i prosjektet, seier Lilleaasen.

Ho har stor tru på den plasseringa.

– Det er eit av dei mest populære turområda vi har, og er eigna for både bading og fisking, seier ho. 

Slik er hyttene

Dagsturhyttene som kjem i kommunane er alle identiske. Dei inneheld eit lite bibliotek med bøker på nynorsk, men dei har i utgangspunktet verken varme, straum eller do. Hyttene er meint som ein stad å ete matpakka si, få varmen i seg og bla i bøker.

Gaular kommune har bestilt do og solcellepanel til hytta si.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Hyttene er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes Byggjevarer ved Masfjorden.

Artikkeltags