Mariann kan bli årets «Girl geek»

Mariann Nistad er dagleg leiar i firmaet Invid. Ho blei veldig positivt overraska då ho fekk vite at ho er nominert til årisen «Girl Geek 2015».

Mariann Nistad er dagleg leiar i firmaet Invid. Ho blei veldig positivt overraska då ho fekk vite at ho er nominert til årisen «Girl Geek 2015». Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Nominert til pris for kvinner som har utmerkt seg i IT- og teknologibransjen.

DEL

– Kven har nominert meg? Eg kjem ikkje til botns i dette!

Det seier Mariann Nistad etter at ho oppdaga at ho var nominert til prisen «Girl geek», ein pris ho aldri før har høyrt om. Etter å ha undersøkt litt meir kva dette går ut på, er ho likevel kjempefornøgd med nominasjonen. Nistad er nominert fordi ho har starta eit selskap som har utvikla ein app for transportbransjen.

MARIANN NISTAD

  • 27 år frå Sande.
  • Starta i 2013 opp firmaet InVid AS som har lage ein app som skal forenkle kvardagen i transportbedrifter.
  • Ideen blei utvikla hos Nistad Transport, firmaet Mariann sin bestefar starta opp.
  • Sjåførar kan nytte appen til å loggføre timelister og gjere andre registreringar. 
  • Administrasjonen kan også nytte appen til å legge ut informasjon, og til å kommunisere med dei tilsette.

Prisen blir delt ut av Den Norske Dataforening i samarbeid med Girl Geek Dinner. Sistnemnde er ein uformell nettverksorganisasjon som fremmer kvinner i IT- og teknologibransjen. Nettverket finst i 70 byar verda over, og det blir engasjert ulike møtekveldar i form av middagar med foredrag. Målet er å skape ein møteplass for kvinner som er interesserte i teknologi.

I fjor delte organisasjonen for første gong ut Rosingprisen «Årets Girl Geek» på Den Norske Dataforening sin årskonferansen. Den gjekk til konserndirektør i Lyse Energi: Toril Nag.

Trudde det var ein spøk

No er Mariann Nistad ein av 24 nominerte til årets pris som skal gå til ein person eller ei gruppe som har brote barrierar, vore open og brukt teknologi til skape ei stemme, eit produkt eller eit verktøy som hat gitt høg nytteverdi eller medført verdifull endring i samfunnet. Sjølv er ho dagleg leiar i selskapet Invid AS som har utvikla ein app for transportbransjen.

– Eg blei litt sett ut då eg fann ut av dette. Då dei ringde trudde eg først det var ein spøk, så eg bad dei sende meg ein mail, seier Nistad leande.

Ho fekk beskjed om å stille opp på prisutdeling i Oslo 25. november, noko ho synest blir veldig spennande.

– Heilt fantastisk

– Dette er jo berre kjempekjekt. Heilt fantastisk! Eg har ikkje vore ein del av dette «Girl Geek Dinner»-miljøet, men det vil eg gjerne bli. Eg har allereie meldt meg inn i gruppa.

I transportbransjen, som Nistad er ein del av, er ho ikkje akkurat velsigna med å ha mykje kvinneleg selskap rundt seg.

– Det er alltid viktig å bygge nettverk, og det blir kjekt å kunne møte jenter som driv med noko av det same som meg, fastslår ho.

Artikkeltags