Linn Mari (19) vart overraska med 50.000 kroner

STIPENDVINNAR: Linn Mari Nilsen (midten) fekk Furorestipendet på søndag. Stipendet vart delt ut av Katrine Osland og Dagfrid Vallestad Brevik frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

STIPENDVINNAR: Linn Mari Nilsen (midten) fekk Furorestipendet på søndag. Stipendet vart delt ut av Katrine Osland og Dagfrid Vallestad Brevik frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

GAULAR: Kaupanger-keeperen frå Gaular trudde ho skulle heim til Sande for overraskingsbursdag for faren sin. Men den største overraskinga, den fekk ho sjølv.

DEL

– Det var kjempekjekt å få dette stipendet. Eg vart veldig overraska, og hadde ikkje forventa det i heile tatt. Det vil hjelpe meg med den vidare satsinga, og eg tenker å bruke pengane på reiseutgifter og nytt utstyr, seier Linn Mari Nilsen frå Gaular, som søndag vart tildelt Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Eg har alltid spelt fotball, og er glad for at eg får drive med det kvar dag. Min draum er å komme på a-landslaget, og det målet gjev meg driv til å jobbe hardt, seier gaularjenta i ei pressemelding frå banken.

Årets tredje Furorestipend vart delt ut på Gaularmarknaden søndag.

Fagjuryen, er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket, skriv i grunngjevinga at dei har hatt følgt med på keeper-talentet lenge:

«Keeper Linn-Mari Nilsen frå Sande har, til trass for at ho berre er 19 år, vore på juryen sin «radar» ei stund allereie. I 2014 vart ho tatt med i Fotballforbundet sitt satsingsprogram «Morgendagens Enere», og debuterte på J15-landslaget. Året etter vart det overgang til Kaupanger, og vidare satsing på aldersbestemte landslag. Og i år bidro ho til å ta landslaget heilt til semifinalen i J19 fotball-EM i Sveits! Juryen understrekar òg at Linn-Mari har vist seg som svært treningsvillig og målretta, og er sterk i trua på at ho kjem til å nå sine mål; som kort og greitt er å bli proffspelar og spele på A-landslaget. Juryen gler seg til å følgje med i åra framover, og ønskjer lukke til vidare!»

Til saman skal åtte unge talent få stipend i 2018. Til no er tre delt ut: 

Aleksander Raftevold (musikk)

Eivind Øygard (friidrett)

Linn Mari Nilsen (fotball)

Artikkeltags