Gå til sidens hovedinnhold

Steinar store som bilar dundra ned i vegen

Artikkelen er over 5 år gammel

GAULAR: Fylkesveg 610 stengt etter steinras ved Matbjøra.

Eit stort steinras stenger fylkesveg 610 mellom Sande og Eldalsosen ved Matbjøra i Gaular torsdag.

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset 06.16 torsdag morgon.

Det har ikkje komme meldingar om at bilar har blitt treft.

Steinar store som bilar

– Entreprenøren seier det var ganske store steinar som kom ned, nokre av dei like store som bilar, seier Tore Tysse i vegtrafikksentralen.

Folk frå Mesta er på staden og ryddar vegen no. Det kan ta ei god stund før vegen er rydda. 

– Sidan steinane er så store må nokre av dei truleg delast opp før dei kan fjernast, seier Tysse.

Vegen blir ikkje opna torsdag, melder vegvesenet. Det er omkøyring via fylkesveg 13.

Les også: Rasa fell utanfor isnetta og Opnar vegen igjen

– Ei tikkande bombe

Fleire innbyggarar i Viksdalen har gjennom mange år protestert og skrive brev til kommunen og andre instansar for at noko skulle gjerast.

I eit brev til kommunen karakteriserer dei Matbjøra som ei tikkande bombe.

Magnar Hellebust bur i Viksdalen og pendlar til Sande kvar dag. I dag skulle han til Førde og slapp difor unna omkøyringsvegen. 

Opp gjennom åra har det titt og ofte komme steinras på pendlarvegen.

– Dette er ei trasig strekning. Rasa kjem i periodevis og du veit aldri kvar og kor tid dei kjem, seier han.

Vidar Espeseth var på rasstaden torsdag morgon.

– Det er det verste eg har sett. Eg tenker på dei som pendlar her kvar dag. Folk er redde for å reise på arbeid, seier Espeseth.

Etter eit ras i 2013 var geolog Svein Frækaland på synfaring med helikopter i Matbjøra.

– Fjellet består av lagdelt stein som står steilt opp frå vegen. I desse laga går det sprekker vinkelrett på lagdelinga i stort sett heile området langs den kilometeren der vegen er trongast. Desse sprekkane ligg slik til at regnvatn stadig kjem inn og vaskar og frys og sprenger, og så losnar det nye blokker, sa Frækaland til Firda den gongen.

På spørsmål om geologen ville sjølv ville ha køyrt forbi rasstaden kvar dag, svarte han slik:

– Nei, det ville eg kvidd meg på.

Espeseth etterlyser handling.

– Folk må tenke seg om. Ville dei ha køyrt her sjølv? No må dei vakne. Dette er livsfarleg. Det er enkelt og greitt ein ting som gjeld. Det er tunnel, seier Espeseth.

– Treng tunnel

Hellebust jobba i Statens vegvesen fram til 2010 og har jobba ein del med den rasutsette strekninga. 

– Ein geolog vi hadde på saka uttalte at vi kunne reinske og reinske fjellsida, men at det alltid vil komme nye ras der. Vi må jobbe for å få tunnel på strekningen, men der er vi mange om beinet, seier han og viser til riksveg 5 mellom Førde- Naustdal.

– Der har dei eit heilt anna trafikkbilde og mykje meir trafikk. Men no er det ein gong slik at vi bur på Vestlandet og dette er noko vi må leve med, konstaterer han.

Les også: – Den ligg himla langt nede på lista

Fleire utsette område

Om lag 1,5 km lenger vest for rasområdet i Matbjøra, ved Hestebeitet, er det endå meir nedfall.

– Og her kjem steinane høgt oppe frå fjellsida og, seier Hellebust. 

Men det er ikkje berre ras innbyggarane i Viksdalen fryktar. I retning Sande er det område der skogen har blitt fjerna for å få utsyn mot vatnet. Her manglar det rekkverk og Hellebust karakteriserer partia som «veldig stygge».

Les også: Så rasa det her igjen, Magnar fryktar dette skal rase og Kan komme fleire ras

 

 

Kommentarer til denne saken