Fv. 610 i Gaular er no opna att etter flaum

HØG VASSTAND: Slik såg det ut ved fv. 610 ved Hestad måndag morgon. Onsdag morgon vart vegen opna att.

HØG VASSTAND: Slik såg det ut ved fv. 610 ved Hestad måndag morgon. Onsdag morgon vart vegen opna att. Foto:

Store vassmengder gjorde at 800 meter av fylkesvegen vart overfløymd natt til måndag. No er vegen opna att.

DEL

Klokka 08.32 onsdag morgon melde Vegtrafikksentralen Vest at vegen no er opna.

Fylkesvegen langs Hestadfjorden og Viksdalsvatnet vart måndag morgon stengt, grunna store nedbørsmengder frå søndag kveld som heldt fram gjennom måndagen.

Omkøyring var då via fv. 421.

Vassføringa målt ved Viksvatn målestasjon synte over 240 kubikkmeter i sekundet, og Vegvesenet såg seg nøydde til å stenge vegen då eit stort strekke på om lag 800 meter låg under vatn.

Det vart tidleg klart frå ein entreprenør på staden at vasstanden ikkje ville gå ned med det første, og det vart sagt at vegen ville tidlegast bli opna tysdag. Vasstanden heldt seg derimot også gjennom tysdagen, og først onsdag morgon var vassnivået lågt nok for å opne.


Artikkeltags