Gå til sidens hovedinnhold

Ny E39 i Gaular opnar 27. juni

Artikkelen er over 5 år gammel

No nærmar det seg opninga av ny E39 mellom Sande og Vadheim

Om lag tre år etter at dei første gang blei løyvd pengar skal dei nye vegparsalane mellom Sande og Vadheim opnast.

– Det kjem til å bli ein folkefest, seier Svein Reidar Dale som er prosjektleiar frå Statens vegvesen.

Opningsseremonien skal gå føre seg ved Sandafossbrua der arbeidet byrja for tre år sidan.

Statssekretæren kjem

Til opningsfesten er det venta mange gjester frå både fjern og nær.

– Vi veit førebels at statssekretæren frå samferdselsdepartementet kjem. Det blir truleg han som klipper snora, men det er ikkje spikra enno, seier Dale.

Han fortel at det vil bli rigga opp ei scene ved Sandafossbrua på den store dagen.

– Det blir underhaldning, samt kaffi og kaker.

Har vore krevjande

Undervegs i prosessen har det vore mange krevjande oppgåver for vegbyggarane. Til dømes brukte ein lenger tid enn førespegla på å få gjennomslag i Øsklandstunnelen.

Trass i utfordringar undervegs er det ingenting som tyder på at opninga vil bli utsett.

– Alt kjem til å vere klart 27. juni, avsluttar Dale.

Kommentarer til denne saken