– Dei er heilt knekte, seier Anne-Britt Øyra. Søstera hennar sin familie eig den sakna hunden, som vart vekke frå inngjerdinga si ved heimen i Bygstad laurdag.

Familien har leita mykje etter hunden, men har ikkje lukkast å finne han. Hunden har stukke av før, men har alltid komme tilbake. At han har vore vekke så lenge er atypisk, meiner Øyra.

Svart, og liknar fuglehund

Teddy er ein svart blandingshund, som Øyra best beskriv som ein mellomstor, svart fuglehund. Han er snill mot folk, og er i to-treårsalderen.

Hunden plar gå lufteturar i Bergsheia-området, så familien trur han kan opphalde seg der, men Øyra fortel at familien blir svært glade dersom folk vil halde auga opne i Bygstadområdet, og i fjella rundt.

Etterlyst på Facebook

Øyra la sjølv ut ein saknamelding på Facebook, og vart kontakta av nokon som meinte dei hadde sett ein svart hund på Storehesten. Her var det derimot usikkert om hunden gjekk saman med ei gruppe, eller åleine.

– Om nokon ikkje har sett Teddy der, men veit at det var dei som gjekk med den svarte hunden, så er det fint om vi får beskjed slik at vi kan vite om vi treng leite der framover, seier Øyra.

Ho fortel at ho og familien også blir glade om nokon som hadde tenkt på fjelltur desse dagane vil legge turen til Bygstad-området, og kan speide etter Teddy.

Om nokon har gjort andre observasjonar, kan ein kontakte eigarane på 48 48 48 20.