Skulebuss nær å bli treft av raset

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Eit stort ras stengjer fylkesvegen ved Vasskvia på Bell på Viksdalen.

DEL

– Det er eit rimeleg stort ras som har losna om lag 250 meter over riksvegen. Det stengjer riksvegen på to plassar, og det stengjer òg gardsvegen opp til husa på garden til sonen min, fortel Nils Gudmund Bell.

Ifølgje Bell er raset samansett av stein, jord og sørpe. Det vart truleg løyst ut av dei store nedbørsmengdene som har kome i det siste.

Gjekk i vatnet

– Like før raset gjekk passerte bussen med skuleungar, tre av elevane som var med er ungane til sonen min. Det er ikkje godt å seie kva som ville ha skjedd dersom raset hadde treft bussen.

Raset skal vere om lag 50–60 meter breitt og om lag ein meter høgt på det høgste. Det gjekk like ned i Fyllingsvatnet på nedsida av fylkesvegen.

– Heile strekninga har er i grunnen utsett for ras, men eg kjenner ikkje til at det har rasa på akkurat denne staden før. Men nett no er eg glad og takksam for at med hadde hell i uhellet; nemleg at skulebussen ikkje vart teken og feia på vatnet, avsluttar Bell.

Entreprenør på veg

– Vi ventar på at entreprenøren skal kome fram for å vurdere situasjonen, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Statens vegvesens vegmeldingssentral i Lærdal.

Hille reknar med at vegen vert opna ganske snøgt på rasstaden, dersom entreprenøren finn det forsvarleg.

Artikkeltags