Leverte underskrifter frå nær heile bygda for å behalde biblioteket på Viksdalen

UNDERSKRIFTSAKSJON: Måndag leverte Per Magne Bell, Eva Omdal Følling (midten) og Helene Maurstig 260 underskrifter på vegner av bygdefolket til kommunen. 3/4-delar av innbyggarane har skrive under på ønsket om å behalde biblioteket.

UNDERSKRIFTSAKSJON: Måndag leverte Per Magne Bell, Eva Omdal Følling (midten) og Helene Maurstig 260 underskrifter på vegner av bygdefolket til kommunen. 3/4-delar av innbyggarane har skrive under på ønsket om å behalde biblioteket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Biblioteket skal stenge dørene 1. april, men bygdefolket ber om utsetting og nytt møte med kommunen.

DEL

– No har vi lagt frå oss ei tung bør, seier Per Magne Bell.

Saman med Eva Omdal Følling i FAU på Viksdalen skule og Helene Maurstig, foreldrerepresentant for barnehagen, har han nettopp levert 260 underskrifter til Gaular kommune, der dei ber om at Viksdalen framleis får ha eit godt bibliotek.

I desember vedtok kommunestyret at biblioteksfilialen på Viksdalen bygdetun blir lagt ned frå 1. april, på grunn av manglande økonomi, med mindre lag og organisasjonar ville drive vidare biblioteket på frivillig basis utan vederlag.

– Eit bibliotek basert på frivillig innsats er ikkje eit bibliotek, det er noko anna. Då er det ikkje fagfolk som driv det og kvaliteten vil falle. Vi stiller også spørsmål ved kven som skal ta arbeidet med å organisere det praktisk, seier Per Magne Bell.

I januar møttest folk frå forskjellige lag og organisasjonar for å drøfte korleis bygda skal klare å halde på tilbodet. No ber dei kommunen gjere om vedtaket om nedlegging.

– Vi krev at biblioteket ikkje blir stengt 1. april, men at ordninga slik ho er no held fram til 15. juni, og at tenesta ikkje blir stoppa midt i skuleåret, skriv bygdefolket til kommunen.

Ber om møte

Dei ber om eit møte med administrasjonen/politiske leiing for å finne ei løysing.

– Vi må prøve å finne ei løysing der kommunen er inne, seier Bell.

Dei peikar på kor viktig biblioteket er som møteplass i bygda, og spesielt i kombinasjon med onsdagskaféen på bygdetunet.

– Det er bygd opp eit miljø, der både barnehage og skule er med, pluss dei eldre gjennom serviceskyssen som bringar folk til og frå. Dermed møtast folk som elles ikkje køyrer bil. Det er skapt eit god miljø på tvers av generasjonar. Onsdagskaféen blir eit heilt anna tilbod viss biblioteket forsvinn. Ungane kjem gjennom biblioteket, seier Eva Omdal Følling i FAU og legg til:

– Biblioteket sikrar lett tilgang til bøker for ungane. Det er viktig for å auke lesegleda og leselysta.

Stiller spørsmål ved sparinga

Biblioteket på Viksdalen er ope på onsdagar, medan biblioteket på Sande er ope måndagar. Bygdefolket stiller spørsmål ved økonomien i å legge ned biblioteket.

– Dei påstår at det er for å spare pengar, men kor mykje dei sparer er noko anna, seier Omdal Følling.

Biblioteket er lokalisert i Bygdetunet.

– Innsparing når det gjeld biblioteket vårt gjeld løn og straum. Kommunen eig lokalet, og så vidt vi kjenner til har dei ikkje planer om å bruke det til noko anna, skriv dei til kommunen.

Tysdag skal saka opp i kommunestyret som referatsak.

– Det blir opp til politikarane kva dei gjer vidare, seier rådmann Atle Fasteland etter å ha motteke underskriftene frå bygda.

Ifølge Bell har ca. 3/4-delar av bygdefolket signert underskriftskampanjen.

– Det er ei teneste folk forventar å ha. Eg har vore med på mykje på Viksdalen. Utanom vegdiskusjonar er det ikkje mykje som har engasjert meir enn dette, seier Bell.

Les også: Over 50 ras, men Viksdalen kan sjå langt etter trygg veg

Artikkeltags