Vasslekkasje på Sande – stenger vatnet i periodar

Gaular kommune leitar etter ein vasslekkasje og ber om tips. Bebuarar vil miste vatnet i periodar.

DEL

– Situasjonen er stabil, men vi har ikkje funne lekkasjen enno, seier Leif Halvor Kårstad, leiar i uteseksjonen i Gaular kommune.

På grunn av vasslekkasje på Sande stenger kommunen vassforsyninga i små periodar i soner, for å finne feilen.

– Vi må skru av vatnet i korte periodar for å sjå om trykket søkk. Om trykket søkk så veit vi kor lekkasjen er.

Lekkasjen kan vere i privathus eller kommunale røyr

Ifølge Kårstad kan feilen ligge både i det kommunale anlegget, men også i eit privathus.

– Vi må berre forsette å leite. Feilen kan også vere ei luftepotte som er open, då tek det oss berre nokre minutt å fikse. Men feilen kan også ligge i dei kommunale vassrøra. Vi går systematisk til verks her. Vi stenger av ei og ei sone for å sjå kor feilen kan vere.

Gaular kommune planlegg ikkje jobbe med feilen på kveldstid.

– Det er ikkje godt å seie når dette blir ordna, men vi reknar med å få det ordna så snart som mogleg. Per no jobbar vi berre med dette på dagtid. Vi reknar med at folk ikkje mistar vatnet meir enn fem-ti minutt om gongen.

Kommunen ber om tips

– Vi set pris på tips om unormale vassdanningar i terrenget på Sande, skriv kommunen ein SMS til innbyggarane onsdag føremiddag.


Artikkeltags