Tilrår å legge ned flyruta Førde - Bergen

LITE BRUKTE BERGEN-RUTER: Møreforsking tilrår å fjerne Førde - Bergen frå FOT-ordninga, som vil seie dei rutene som staten finansierer fordi dei ikkje ville vore kommersielt lønsame.

LITE BRUKTE BERGEN-RUTER: Møreforsking tilrår å fjerne Førde - Bergen frå FOT-ordninga, som vil seie dei rutene som staten finansierer fordi dei ikkje ville vore kommersielt lønsame. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Folk flyr så lite mellom Førde og Bergen at ein ny forskingsrapport tilrår å legge ned rutetilbodet.

DEL

Rapporten kjem frå Møreforsking Molde på bestilling frå Samferdselsdepartementet.

I rapporten kjem forskarane med råd til kva regionale flyruter som det offentlege bør kjøpe frå 2020 til 2024. Dei tilrår å fjerne flyruta mellom Førde og Bergen frå FOT-ordninga.

Spår tomme seter

Forkortinga står for Forpliktelse til offentleg tjenesteyting, og ordninga går ut på at staten finansierer flyruter som ikkje ville vore lønsame å drive kommersielt.

Forskarane bak rapporten grunngir tilrådinga med at flyruta blir lite brukt. Slik er resonnementet deira: 

Per i dag går det to fly frå Førde til Bergen på kvardagar, og eitt fly i motsett retning. På helgedagar går det eitt fly kvar veg. Med 39 seter på flyet blir dette 40.000 sete som flyttar seg mellom byane på eitt år.

I rapporten peikar forskarane på at flyruta berre vil ha etterspurnad på 10.000 passasjerar i 2024. Det vil seie at flya i gjennomsnitt vil vere 75 prosent tomme sete.

Dei tilrår ikkje å kommersialisere ruta, heller.

– Dersom en skulle ønske vidare kommersialisering, så synest ruta Førde-Oslo å vere den klaraste kandidaten, heiter det i rapporten.

Samferdselsdepartementet skal legge rapporten ut på høyring no.

Mathias Råheim er ikkje einig

Gaular-ordførar og leiar for interesseutvalet for Førde lufthamn, Mathias Råheim, er ueinig i tilrådinga. Han meiner passasjertrafikken vil auke om få år.

– Om eit par år går vi inn i fellesskap med Hordaland, og det vil seie meir trafikk mellom Flesland og Bringeland. Det er eg sikker på, seier han.

I tillegg meiner Råheim at fleire kjem til å bruke rutetilbodet dersom tidene blir meir omgjengelege.

– Rutetidene er veldig dårleg tilpassa brukarane her i fylket, som gjer at trafikken blir mindre. Flya kunne gått herifrå tidlegare på morgonen og komme tidlegare på kvelden tilbake. Då er eg sikker på at det blir meir trafikk.

Per i dag går første fly til Bergen klokka 09.35, og siste fly frå Bergen kjem på Bringeland klokka

Han seier det har blitt gjort forsøk på endre tidene, men hittil utan hell. Framover blir det viktig å få gjort noko med tidene, meiner han.

Råheim reknar med både Gaular kommune og interesseutvalet for Førde lufthamn får komme med svar på høyringsrunden som rapporten skal ut på.

Artikkeltags