Fleire kan finansiere bustad aleine

På jakt: Nadia Vaulen (26) og Thomas Grimsbø (25) var på Lynkurs for bustadkjøp med Sparebanken Vest. Målet er å finne eit hus ein stad mellom Førde og Vassenden. Foto: Frode Grimelid

På jakt: Nadia Vaulen (26) og Thomas Grimsbø (25) var på Lynkurs for bustadkjøp med Sparebanken Vest. Målet er å finne eit hus ein stad mellom Førde og Vassenden. Foto: Frode Grimelid Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Om lag hundre ungdommar samla seg, for å lære om korleis dei kan kjøpe seg bustad.

DEL

Prisane skremmer og reglane kan vere vanskelege å forstå, men bustadkjøp treng ikkje å vere farleg, meiner Sparebanken Vest.

Raudt lys, Raske Menn, konfetti og musikk. Sparebanken Vest gjer det dei kan for lokke ungdom til føredrag om økonomi og bustadkjøp. Her kan du sjå korleis.

Nadia Vaulen (26) og Thomas Grimsbø (25) er på husjakt i Førde og på Vassenden. Dei har allereie vore på eit par visingar, men har ikkje funne noko endå. Dei synest lynkurset var nyttig.

– Det er betre å få det inn slik, framfor å lese det sjølv og ikkje forstå, seier Vaulen. Ho synest det er mykje som er vanskeleg å sette seg inn i.
Grimsbø synest det var interessant å få informasjon som gjekk i djupna.

– Vi lærte kva vi må ha, mot kva vi kan låne, og om kva type eigarformer som finst.

Halv pris i Jølster

Rådgjevarane i banken fekk rockestjerneintroduksjon av gjengen i Raske Menn. Rådgjevar Sofie Folkestad kom på scena, og sa at ho no måtte ta tempoet litt ned, men dei fleste av dei unge hovuda såg til å halde seg oppe, med begge auga opne. I omgangar på to gongar 45 minutt, med rask pauseunderhaldning og mat, presenterte dei informasjon om fem ulike måtar for å få nok eigenkapital, eigedomsformer, vurdering av låneevne og kvadratmeterpris

Mellom anna synte deg seg at Jølster har om lag halve gjennomsnittsprisen per kvadratmeter, enn det Førde har.

Vaulen og Grimsbø kan difor, om dei kjøper eit gjennomsnittleg hus, spare 12.000–14.000 kroner på å velje Vassenden før Førde. Det passar også bra med planane dei har.

– Eg tenker på kva hus vi kan få der, for det same som ei leilegheit i Førde. Og det er jo berre nokre minutt unna, seier Vaulen.

Det er etter kvart blitt vanleg å sjå seg om i nabokommunane, for å få billegare bustad. Men, sa Folkestad, om ein er medviten og vel rett område, kan ein også få leilegheiter til godt under snittprisen i Førde. Forskjellen er stor frå Vie til Hundvebakke.

Fleire finansierer sjølve

Vanlegvis må ein sjølv stille med 15 prosent av kjøpesummen for å få lån. Eventuelt har ein til no også kunne vise til at ein har god og stabil økonomi. Om ikkje må ein låne pengar av familie, ta sikkerheit i til dømes foreldre sine huslån, eller arve pengar. Med den låge renta, er det stadig fleire som klarer å ta opp lån heilt åleine, også når banken reknar at ein skal tole fem prosent renteauke.

Heile 18 prosent av studentane i Bergen, eigde bustaden sjølve, ifølge ei undersøking frå 2013. 60 prosent av desse hadde finansiert eigendelen sjølve, medan 40 prosent hadde fått hjelp frå familie eller andre. Den låge renta bidreg også til at fleire har god nok økonomi til å ikkje trenge eigendel.

Om det var ein ting Vaulen og Grimsbø sat att med etter samlinga, var det dette:

– Vi må vere flinke til å spare, seier dei, som begge to har kontor for bustadsparing.

– Ingen mørke skyer

Bustadkjøp og lån må ufarleggjerast, meiner Birger Nedberge i Sparebanken Vest.

I løpet av eit år er det mange unge innom kontoret hans med ein bustaddraum, men mange er uroa. Nedberge meiner bustadkjøp må gjerast mindre farleg.

– Mange som kjem og spør har høyrt om høge prisar, det er noko som opptar dei, seier han.
Mange av dei unge som vil kjøpe bustad, vil gjere det på studiestaden, det meiner Nedberge kan vere smart, men det skal vere tidsperspektiv på det.

– Vil du anbefale unge å kjøpe bustad i dag?

– Ikkje om det er for eitt eller to år, men om det er for tre–fem år ser vi ingen mørke skyer.

Samlinga i Førde, med underhaldning og informasjon, er meint både for å få kontakt med ungdommen, og for å gje gode råd. Rådet er klart:

– Tenk framover, spar pengar.

Artikkeltags