Inviterer til opera-yoga og opera-båttur

Klare: Steinar Sørli (t.v.) og Yngve Brakstad (t.h) saman med operasjef for Bergen Nasjonale Opera, Mary Miller. Onsdag kveld vart programmet for festivalen «Mimi goes glamping» sleppt.

Klare: Steinar Sørli (t.v.) og Yngve Brakstad (t.h) saman med operasjef for Bergen Nasjonale Opera, Mary Miller. Onsdag kveld vart programmet for festivalen «Mimi goes glamping» sleppt. (Foto: )

Kan det freiste med litt Puccini-yoga? Eller ein båttur med ariar på Dalsfjorden? No er programmet til fylkets nye operafestival klart.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Onsdag kveld sleppte Åmot Operagard programmet for deira nye operafestival «Mimi goes glamping».

Festivalen er eit samarbeid mellom Bergen Nasjonale Opera og Åmot Operagard, og skal vere i Sunnfjord 21. – 23. august.

Steinar Sørli at det er heilskapen som skal gjere den nye festivalen unik.

– Dette skal vere ein festival for alle sansane. Vi har laga eit program med aktivitetar, lokal mat og kultur, seier han.

Yoga, baking, og båttur

Den raude tråden for festivalen er sjølvsagt opera, men saman med høge tonar og står det også alt frå yoga, til padling, båttur, bakekurs, flugekasting og mykje anna på programmet.

– Opera er litt rart for nokon, og vi ville bryte normene. Vi ville tilby noko morosamt, og som kunne la folk få vere delaktige, seier Sørli.

At Bergen Nasjonale Opera har vald å samarbeide med dei, trur han viser at fylket vårt har noko unikt å syne fram. Det unike håpar han også å syne fram for dei frammøtte, både gjennom opplegget, og samarbeid med lokale småbedrifter som tilbyr ulike aktivitetar for festivaldeltakarane.

– Folk er forskjellige. Her kan ein få skreddarsy kva for festivalaktivitetar ein vil delta på, seier Sørli.

Unik festival

Kristin Øygarden, kommunikasjonssjef på Bergen Nasjonale Opera fortel at det dei no vil få til i august, vil vere unikt i europeisk samanheng.

Men å få ein operafestival til Sunnfjord og Operagarden er ei ny utfordring for både operagarden og Bergen Nasjonale Opera. Det gir heilt nye oppgåver for mange.

– Det er ein del arbeid, men vi kjem faktisk til å ta med oss heile administrasjonen ved operaen til Gaular for å hjelpe til med å lage festival. Vi blir vel alt frå parkeringsvakter til mykje anna, seier ho.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

150 plassar

150 festivalpass er lagt ut for sal, og ifølgje Steinar Sørli er det allereie selt ein del.

– Vi har vore spente på om folk ville syntest at det blir for mykje med ein tredagars festival. Men det viser seg at folk vil ha noko annleis, og at dei vil ha opera over tre dagar, seier han.  

Slik er programmet:

Musikk:

Eli Sings Ella: Eli Kristin Hansveen er ein av Norges fremste sopranar og blei kjent då ho imponerte i NRK-programmet Stjernekamp. Lørdag kveld syng ho nokre av sine favorittsangar, blant anna perler frå Ella Fitzgeralds musikalske skattekammer. 

Barokksolistene med Bjarte Eike: Nordens fremste tidligmusikkensemble med fiolinisten Bjarte Eike som spelande kunstnerisk leiar. Barokksolistene vil opptre i mange former under festivalen, og skal blant anna spele frå sitt Ale House-repertoar, noko som betyr fengande låter, drikkeviser og popmusikk frå ei anna tid.

Rachel Nicholls: Den britiske sopranen som fortrylla bergenspublikummet i rolla som Leonora i Fidelio i 2013, blir å høyre  mykje i løpet av helga. Fredag syng ho lystige tonar i «Early Joke». Laurdag skal ho kåsere om livet som diva, og søndag framfører ho operakabareten «The Diva», saman med barytonen Andrew Slater. Han opptrer på nokre av Europas store operascener, og vil i  som Nicholls halde masterclass i løpet av helga. Helga byr også på Ariekonsert, der dei unge songarane i BNOs utviklingsprogram Unge Stemmer står sentralt, i tillegg til songarar fra Edvard Grieg Kor.

Aktivitetar:

Publikum kan i tillegg velje blant masse aktivitetar som i større eller mindre grad er knyttet til opera, som Puccini-Yoga, båttur med arier på fjorden, skogtur, kajakk-kurs, og bakekurs med påfølgende smaking, akkompagnert med Tea Songs; sanger om mat og drikke. For kulinariske nytelser spiller selvsagt en viktig rolle. Åmot Operagard har et strålende kjøkken der de blant annet bruker urter og grønnsaker fra egen hage, i tillegg satses det på matvarer fra lokale leverandører. Mange av disse blir å møte søndag formiddag når Bondens Marked Sogn og Fjordane kommer til gården med sitt populære konsept.

Artikkeltags