Katrine (16) vil låne vekk ballkjolane sine til dei som ikkje har råd

LÅNAR UT: Katrine Flølo Laukeland (16) vil låne ut kjolane sine til jenter som ikkje kan ta seg råd til knalldyre ballkjolar.

LÅNAR UT: Katrine Flølo Laukeland (16) vil låne ut kjolane sine til jenter som ikkje kan ta seg råd til knalldyre ballkjolar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Og ho håpar fleire kan gjere det same.

DEL

– Eg håpar verkeleg at dette kan løfte ei unødvendig bør av skuldrene til nokon, og at dei som får låne kjolane, føler seg like flotte som eg gjorde då eg brukte dei!

Det seier Katrine Flølo Laukeland (16) frå Bygstad. Søndag la ho ut eit innlegg på Førde si kjøp- og salgruppe på Facebook. Der tilbyr ho å låne vekk sine to ballkjolar til unge jenter som ikkje kan ta seg råd til å punge ut til årets jule- eller nyttårsball.

Håpar fleire kan låne ut

– Dei kostar jo ofte 1000 kroner eller meir, og det er det ikkje alle som kan ta seg råd til. Då kan dei godt låne mine, for eg har ikkje bruk for dei lenger, seier Laukeland.

Les også: Å sjå bra ut treng ikkje vere dyrt

Innlegget hadde måndag morgon fått over 450 tomlar opp på Facebook, og det har hausta positive tilbakemeldingar i fleng.

– Så utruleg snilt og flott gjort, skriv ei i gruppa, medan ei anna skriv:

– Så fantastisk! Flott gjort av deg. Tenk om alle hadde tenkt som deg.

Så langt har Katrine blitt kontakta av to stykke som kunne tenke seg å låne ein kjole.

– Eg håpar at fleire kan gjere det same. Eg har berre to kjolar, og det er sikkert fleire som har kjolar dei kan låne ut, seier 16-åringen.

Høgt kjolepress

Ifølge Laukeland er det ofte stort press på å ha staselege ballkjolar på ungdomsskuletrinnet. Då ho sjølv gjekk på ungdomstrinnet, skulle det vere sko, tiara, veske, glitter og gjerne kjole med glitter og diamantar. Ballkjolane kostar gjerne mellom 1000 og 3000 kroner, alt etter lengda og kor fine dei skal vere, fortel ho.

– Ein brukar ikkje slike kjolar mange gongar. Så då er det ein god idé å låne dei vekk.

Sjå video frå fjorårets ball på Førde ungdomsskule.

Skal ikkje du på ball sjølv, då?

Jo, men det er mindre staseleg. Så då treng eg ikkje slike kjolar, seier Laukeland. 

Sjå bilde frå nyttårsballet på Førde ungdomsskule i vinter.

Artikkeltags