Mannen er dømd for å ha oppbevart ein stolen biltilhengar og to køyrebruer i seks månader. Hengaren og køyrebruene vart stolne på Sande i Gaular i 2014. Tiltalte forklarte at ein kamerat av han stal hengaren på ein køyretur dei to hadde frå Bergen til Sunnmøre og at han oppbevarte hengaren i ettertid.
Mannen er også dømd for å ha oppbevart 0,6 gram heroin, 2 gram amfetamin og ein mindre mengde hasj i mars 2015.
Den tiltalte vart dømd til fengsel på vilkår i 45 dagar med ei prøvetid på to år. Den tiltalte har tidlegare blitt dømd fleire gonger for vinnings- og narkotikalovbrot, noko som gjer at straffa i denne saka er strengare.
Mannen stod òg tiltalt for å ha oppbevart ei motorsag og ein bunadskniv sjølv om han visste at desse var stolne og for å ha gitt narkotika til andre personar. Den tiltalte mannen vart frifunne på desse punkta etter at aktor høyrde forklaringa hans.