Her tjuvfiskar turistane. To timar seinare blir dei tatt på fersken

Turistane dorga ved osen til Gaula i fleire timar, til dei fekk beskjed om at dette ikkje er lovleg. Ifølgje elveeigarlaget var det ikkje turistar som leigde hos den lokale turistverten i Bygstad.

Turistane dorga ved osen til Gaula i fleire timar, til dei fekk beskjed om at dette ikkje er lovleg. Ifølgje elveeigarlaget var det ikkje turistar som leigde hos den lokale turistverten i Bygstad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Turistar tjuvfiska i timevis utanfor elveosen av Gaula. – Aldri sett så grovt tjuvfiske, seier tipsar.

DEL

Søndag føremiddag blei fleire personar sett medan dei tjuvfiska rundt elveosen av Gaula innanfor Bygstad.

Tipsaren, som ikkje ønsker å gi opp namn, fortel at dei dorga rundt med noko som minte om ein oter.

I vika ved Bygstad er det fiskesone, og forbod mot å dorge i desse tider.

Blei tatt av eigaren

– Å dorge rundt slik er jo rasande forbode. Eg har ikkje sett så grovt tjuvfiske før, seier tipsaren.

Tipsaren fortel at tjuvfiskarane var turistar. Dei dukka opp i elveosen i 11–12-tida på søndag, og fekk halde på i to-tre timar. Men så blei dei tatt på fersken.

– Eg ringde han som eig nordsida av elva. Så lånte han ein båt og køyrde ut til dei og prata med dei. Då stoppa dei. Det er jo direkte kriminelt. Hadde dei blitt tatt av politiet, kunne dei nok tatt beslag i fiskeutstyr, seier tipsaren.

– Veldig rart

Trur du tjuvfiskarane visste at dei braut lova?

Det er eg usikker på, men det er jo veldig rart å reise ut og bale med det der i fleire timar. Når du fiskar, så har du plikt til å finne opplysningar slik at du veit om du er innanfor lova, seier tipsaren.

Elveeigarlaget: Ikkje eit vanleg problem

Elveeigarlaget i Gaula kjenner til hendinga søndag, som er den andre i sitt slag i år. 

– Det var nokre tyske turistar som fiska som sa dei ikkje kjente til reglane. Med tanke på at dei dorga heilt openlyst, så trur eg nok at dei hadde sitt på det tørre, seier Harald Lervik i styret i elveeigarlaget.

Han understrekar at dei aktuelle turistane ikkje var leigetakarar hos den lokale turistverten i Bygstad.

Konsekvensane av tjuvfiske er politimelding og bot. I dei to tilfella som har blitt oppdaga så langt i år, vil ikkje sakene få følger.

– I begge tilfelle har fiskarane vore uvitande – eller spelt uvitande, seier Lervik, som vel å tru det beste.

Ber utleigarar gi betre informasjon

Kvart år skjer fleire liknande saker, og Lervik meiner at utleigarane av båtar, hytter eller hus bør bli flinkare til å informere fisketuristane om reglane.

– Men fiskarane er også pliktige til å sette seg inn i fiskereglane som er der. Det er også merking i Svesundet, men nokre gonger kjem turistane for langt inn og fiskar der dei ikkje skal.

Artikkeltags