Tok på seg ansvaret for Norgescupen på kort varsel

– Kanskje er vi utilregnelege, undrar Haugnes etter å ha tatt i mot Frende Cup.

– Kanskje er vi utilregnelege, undrar Haugnes etter å ha tatt i mot Frende Cup. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Godt mogleg at vi er galne, seier Bjarte Haugnes i Florø skytterlag.

DEL

Andre runde i Frende Cup i baneskyting og stong- og felthurtigskyting startar neste tysdag. Frende cup er det nye namnet på Norgescupen.

Opphavleg skulle heile runden gå føre seg i Sogn, men plutseleg bestemte skyttarlaga som skulle arrangere i Vassbygdi i Aurland seg for at dei ikkje ville ha stong- og felthurtigskyting, grunna dårleg påmelding. Inn som redningsmann kom Florø Skyttarlag, som i lag med Gaular tok på seg arrangementet på kort varsel.

– Det er godt mogleg at vi er galne, at vi var utilreknelege i handlingsaugeblikket då vi takka ja, men no vert det arrangert på Grovastøylen, seier Bjarte Haugnes i Florø skytterlag lattermildt, til Firdaposten.

– No prøvar vi å legge ein kabal her, påmeldinga er lagt ut og tala har allereie passert hundre, men no må vi bestille ein del utstyr midt i fellesferien og så må vi finne frivillige som kan hjelpe til, held Haugnes fram.

For samstundes som skyttarlaget arrangerer Frende Cup så er det opplæring til landsskyttarstemnet i Førde, og der skal også Florø skytterlag vere med. Det har skapt problem rundt tal frivillige.

– Vi har gått ned på eit absolutt minimum av frivillige. Det vert truleg fem stykke kvar dag, noko som heilt sikkert er litt optimistisk, og til no har vi to på plass. Så viss nokon har lyst å vere med å arrangere så set vi pris på det.

For dei som ikkje veit kva stong og felthurtigskyting er for noko gjer Haugnes det han kan for å visualisere det.

– For dei som ser landsskyttarstemnet på fjernsyn så er det den øvinga som vert omtalt som texas-konkurransen, forklarar Haugnes.

Sjølv om det er ein del utfordringar knytt til å vere arrangør på kort varsel har det også fordelar, meiner Haugsnes.

– Det er jo veldig bra for Grovastøylen som anlegg at vi har eit arrangement av ein slik storleik. Samtidig trur eg sentrale hald er fornøgde med at vi greier å ta i mot stemnet på så kort varsel som vi gjer.

Den store «innskytinga» av Grovastøylen

Artikkeltags