Deler av Sande var utan vatn etter eit arbeidsuhell tidlegare i dag.
– Det som skjedde er at det vert jobba med å legge ny hovudvassleidning langs Gamlevegen forbi Bamseskogen på sørsida av elva, aust for Sande sentrum, seier rådmann Atle Fasteland.
– I samband med at ein skulle kople vatnet frå ein leidning til ein annan, spratt koplinga av. Arbeidet med å setje det saman att er ganske vanskeleg, ettersom elva er så stor at brotstaden ligg delvis under vatn, seier Fasteland.
Han trur likevel ikkje det vil gå veldig lang tid før skaden er reparert, og vatnet tilbake i springane.
Klokka 17.39 opplyser rådmann Atle Fasteland at skaden er reparert, og at ein held på å fylle opp trykkbassenget.
– Det var dessverre tre abonnentar som mista vatnet i dag. Det har vore jobba veldig godt for å avgrense kor mange som miste vatnet heilt. Det var den gamle vassleidningen som sprakk. det er då og den vi skal byte ut, seier Fasteland.
Han vil takke både kommunen sine tilsette og dei innleigde arbeidarane for ein utruleg god innsats i samband med uhellet.