Garasjebrann på Kaupanger

DEL

Vest politidistrikt melde om røykutvikling frå ei garasje i Kaupanger i Sogn. Dei fekk melding om hendinga klokka 13.58.

Politiet opplyser at det er hus på begge sider av garasjen.

Klokka 14.15 var naudetatane framme på staden. Nabohusa var uberørt, men det vart henta ut ein hund frå ei leilegheit på staden.

Garasjen har brent ned, og det er ingenting som tyder på at nokon har komme til skade.

Kva som er årsaka til brannen er førebels ukjent, opplyser politiet.

Artikkeltags