Alle naudetatane rykte fredag ut til Vangsvegen i Florø der det brann i ein garasje.
Brannen vart meld av eigar klokka 18.42. Då var det kraftig røykutvikling, og litt etterpå kom det flammar ut av bygget.
– Dei som bur på adressa er evakuerte. Det same er nærliggande hus, då det er fare for spreiing, sa vaktkommandør Tore Fanebust i 110-sentralen Vest like før klokka 19.00.
Mannskap frå Florø og Eikefjord deltok i sløkkinga.
Ifølgje Vest politidistrikt skal det i alle fall ha vore ein bil i garasjen.
Klokka 19.12 melde brannvesenet at brannen var sløkt.
– Brannen byrja i ein bil som stod parkert i garasjen. Kva som er årsaka kan vi ikkje seie noko om no. Patruljen gjer no avhøyr av vitne og andre på staden, sa operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt klokka 19.25.

Miljøvernforbundet politimelder lakserømminga i Vadheim

Oppdaga merd-hol på fire gonger fire meter. Politiet trur no dei veit årsaka