Klokka 17.37 melde 110 Vest om ein garasjebrann i Austreimslia i Høyanger kommune. Austreimslia ligg på Kyrkjebø.

Naudetatane vart sendt til staden, og om lag klokka 18.10 vart det meldt at brannmannskapet var framme.

Eine delen brann ned

Austreimslia er eit byggefelt. Innsatsleiar for brannmannskapa på staden har meldt inn at det ikkje lenger er fare for spreiing til nærliggande bustadhus.

Dette stadfestar også vaktkommandør i 110 Vest, Tore Fanebust. Han fortel at det brann i ein dobbelgarasje og at den eine av dei to garasjane no har brunne heilt ned. Det skal vere store skader på den andre halvdelen.

– Vi sende fullt mannskap frå Høyanger, Vadheim og Sande, seier Fanebust.

Stod i full fyr

Han seier vidare at brannvesenet raskt var på staden, og at garasjen var i full fyr då mannskapet kom til.

– Det var kraftige flammar, og det var difor fare for at det skulle spreie seg til bustadhuset ved sidan av, seier vaktkommandøren.

Brannmannskapet har no kontroll på brannen, men Fanebust fortel at det vil vere att mannskap på staden ei stund enno, for å sørge for at den ikkje blussar opp att.

– Dei vil også gå over brannstaden med varmesøkande kamera, seier han.