No har politiet i samråd med dei pårørande valt å gå ut med eit bilde av vedkommande.

Han har vore sakna av familien sidan onsdag morgon, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

I pressemeldinga er det lagt ved eit bilde av den sakna mannen. Han er skildra som 180 cm høg og skalla.

Dersom publikum har informasjon om saka kan dei ringe politiet på 02800.

Redningsaksjon pågår

Klokka 22.45 onsdag vart det sett i gang ein redningsaksjon ved Gjesdalsdalen på Vassenden. Gjennom natta vart det søkt med politipatrulje, samt ekvipasjar frå Norske Redningshunder, Røde Kors og redningshelikopter.

Torsdag har søket blitt utvida med mannskap frå Heimevernet og Sivilforsvaret.

– Søket pågår framleis med store ressursar, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes ved Vest politidistrikt til Firda.

Søket pågår i eit avgrensa geografisk område mellom Gjesdalsdalen og Bakkestøylsvatnet.

Firda kjem tilbake med meir.

Reporter: Sindre Osland Yndestad – Video: Dagny Backer Johnsen