Hovudkontoret er planlagt til Førde, men det vil framleis vere aktivitet i Eid og Sogndal. Det opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Digitalisering mot papirbunkar

Blant årsaka til samanslåing er fagleg styrking samt naudsynet for at domstolen skal bli stor nok til å komme med i domstolane sitt digitaliseringsprogram.

– Fylket har lege bak når det gjeld digitalisering, dette må på plass for å bli prioritert i digitaliseringsprogrammet. Tingrettane har i dag store bunker papirarbeid. Dataverktøy er naudsynt for å kunne styrke kvaliteten på tenestene, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Ifølge fylkeskommunen skal dei nye digitale løysingane gi meir effektive arbeidsmåtar og såleis betre tenester.

– Sogn regionråd og fylkesutvalet gir no si støtte til samanslåing. Vi trur det kan gi betre dommarmiljø og lettare handtering av sakene med utvikling av digitale løysingar, seier Følling.

Framleis kontor i Sogndal

Fylkesutvalet støttar planane om samanslåing under føresetnad av at aktiviteten på Nordfjordeid vert halden oppe og at Sogndal framleis er rettsstad med bemanna kontor.

– Tilsette i Sogndal og Nordfjordeid vil ikkje merke praktiske konsekvensar av at hovudkontoret flyttast til Førde. Vi skal nytte ressursane felles i fylket og utveksle personell ut frå kva sakene gjeld. Eg kan berre sjå fordelar med samanslåinga, som eit steg mot å sikre ein god tingrett i fylket, meiner Følling.

Sorenskrivar ved begge tingrettar, Terje Mowatt, og førstelagmann i Gulating lagmannsrett, Magni Elsheim, orienterte fylkesutvalet 2. mars om prosessen.