Vi høyrer dei kvar einaste dag. Politikarar som kappast om å kutte i klimagassutslepp.

Er det ikkje fleire som ser galskapen? Media ser ut til å ha blitt smitta av same sykja.

Vestland fylke skal ifølge NRK Vestland no bruke 1,5 milliardar kroner på fire nye klimavenlege hurtigbåtar. Og pengane må dei i stor grad hente frå sine eigne budsjett. Klimagale politikarar finn vi både lokalt, regionalt og nasjonalt. Regjeringspartia varslar i Hurdalsplattforma krav om låg- og nullutslepp i nye anbod for hurtigbåtar i 2025. Men pengar bevilgar dei ikkje, meir enn symbolske summar.

Det skal bli interessant å sjå kvar politikarane har tenkt å kutte. Det er mogleg at eg har gått glipp av noko, men eg trudde ikkje fylkeskommunen hadde særleg romslege budsjett i utgangspunktet?

Terje Søviknes i Framstegspartiet ser ut til å vere den einaste som er vaken. Han seier at rutetilbodet mellom Bergen og Sogn og Fjordane blir nesten fire gonger så dyrt som i dag. Og dette vil FrP seie nei til. Bra! Så er det altså nokon som ser galskapen.

Det er vel og bra å kutte i klimagassutslepp, men det går faktisk ikkje å la alle andre omsyn vike, og sende stadig nye og høgare rekningar til folk flest. Det er du og eg som til sjuande og sist må betale for alt det politikarane gjer av vedtak. Vedtak som gjer at dei trur dei kan sole seg i glansen.