Sunnfjordingar tek ikkje bussen like ofte som før pandemien.

Og alle veit at Førde er ein bilby.

Då kan ein stille spørsmålet: Er sunnfjordingane for kravstore eller er det Skyss som har eit for dårleg tilbod?

– Skyss sitt tilbod er for dårleg, meiner Jeaneth Rosnes.

– Eit sjokk

Ho bur til alt overmål i Vieåsen, eit av områda i Sunnfjord med det desidert beste kollektivtilbodet. Bybussen går frå eit stopp 100 meter utanfor husdøra hennar. Stort sett éin gong i timen, litt oftare i rushtida.

Ikkje godt nok, meiner Rosnes, som omtalar seg sjølv som ein «bortskjemd bergensar».

– Eg flytta hit for 18 år sidan. Eg var vand med å berre gå til busshaldeplassen og vite at det kom ein buss. For meg var det eit sjokk å innsjå at du ikkje berre risikerer å måtte vente ein time, men at han kanskje ikkje kjem i det heile.

Ho meiner Skyss må tilpasse seg deira potensielle kundar, ikkje motsett. At bussane som finst ofte køyrer rundt tomme synst ho ikkje er merkeleg.

– Folk brukar ikkje bussen om han ikkje går når dei treng han. Dei må setje opp eit tilbod som gjer det mogleg å nytte seg av bussen som ein vane, og ikkje noko du må tilpasse heile livet ditt etter.

– Kor er pendlartilbodet?

Ho meiner det opplagt burde vore hyppige avgangar for alle arbeidspendlarane frå til dømes Skei/Vassenden, Sunde/Farsund, Angedalen, Sande og Naustdal/Florø, i tillegg til eit enda betre tilbod i og rundt Førde sentrum.

Ap-politikar Ove Farsund vil ha hyppige og nye bybuss-avgangar – og ei gratis prøveperiode.

– Om han er gratis eller ikkje meiner eg er sekundært. Når tilbodet er optimalt, kan ein byrje å diskutere pris. Ein er langt unna det no, meiner Rosnes.

– Slik det er no er det både tidssparande, billegare og naudsynt å køyre sjølv.