Onsdag stadfesta Fylkestinget i Vestland tilrådinga frå fylkesutvalet når det gjeld Regional Transportplan:
Det blir oppstart på fv. 609 Heilevang. I tillegg blir det ny gang- og sykkelveg mellom Sandane og Storebrua i Gloppen.
Fylkestinget prioriterer fv. 609 Heilevang for oppstart med rassikringsmidlar i 2022/2023. Pengane går til å bygge tunnelen mellom Førde og Askvoll. Heilevangtunnelen er rekna til å koste mellom 750 og 1050 millionar kroner.
Firda kjem tilbake med meir.
Heilevangtunnelen
Prosjektet skal gje trygg og rassikker veg på fv. 609 forbi Heilevang, mellom Førde og Askvoll
Det har vore tallause store og små ras på strekninga, særskilt kring elva Hundsåna. Strekninga er høgt rangert på vegvesenet sin skredfaktor.
Når vegen er stengd, er omkøyringa via Dale. Skal ein til dømes frå Kvammen til Førde er dette nesten ein time ekstra kvar veg.
Rassikringa gjeld ei strekning på 3,7 kilometer, der 2,7 kilometer går i tunnel. Prosjektet inneber også at brua ved Hundsåna vert fjerna, men resten av vegen vert ståande att og kan brukast til tilkomst til eigedomar og likande.
Prosjektet er rekna til kring 700 millionar kroner.
Sidan det er ein fylkesveg, er det Vestland fylkeskommune som må finne pengane. Både Sunnfjord kommune og Askvoll kommune er planmyndigheit, sidan området strekker seg over kommunegrensene.
Prosjektet har vore etterlengta i mange år, og har vore både inne og ute av prioriteringslistene til fylket fleire gongar.
Namnet Heilevangtunnelen er det Firda som har funne på. Det endelege namnet avgjer Vegvesenet seinare.
Faktaboksen er sist oppdatert av Bent Are Iversen 23. mai 2022.