Berre Ap og til ei viss rad KrF stilte seg opne for fylkesrådmannen sin radikale tanke om samanslåing til éin kommune i Sogn og Fjordane, då fylkesutvalet fekk innspelet til drøfting i dag.
Skrekkscenario
Først og fremst ser fylkesutvalet føre seg å få greidd ut ei felles region-løysning for Vestlandet, men der også Møre og Romsdal må vere med, slik
at Sogn og Fjordane ikkje hamnar i ein utkant. Skrekkscenarioet for mange vil vere eit utfall der Sogn og Fjordane blir slukt av Hordaland.
- Les også: Heile fylket som ein kommune
Fylkesrådmannen sin gigatnkommunetanke vart tenkt utgreidd som eit alternativ til regionmodellar Sogn og Fjordane ikkje måtte ønske. I staden for den radikale gigantkommunen, oppmodar fylkesutvalet partane som no arbeider med kommunereforma i fylket, om å vere med på å greie ut alternative samarbeidsformer, for å vareta statlege, fylkeskommunale og kommunal oppgåver i fylket. Venstre støtta ikkje dette framlegget og reiste eit eige framlegg.
- Flyttar vekk makta
I ordskiftet sa Høgres Noralv Distad at ei full samanslåing til ein kommune ville vere å gå motsett veg av deira ønske om sterkare primærkommunar.
Jenny Følling, Sp, meinte makt ville bli flytta bort frå kommunane. Også Venstres Marit Barsnes Krogsæter, meinte makta må bli flytta nærast mogleg innbyggarane og at ein må få ei utgreiing av ein region.
- Nye måtar å tenke på
Nils P. Støyva, Ap, markerte seg som klart open for å få alternativet med Sogn og Fjordane som ein kommune utgreidd. Men Støyva streka sterkt under at det måtte skje i forståing med primærkommunane.
– Vi bør vere med på nye måtar å tenke på, sa gruppeleiar Støyva i debatten.