Oppdelinga av Viken er anslått å koste 385 millionar kroner, medan prislappen i Vestfold og Telemark truleg blir på 150 millionar kroner. Splittinga av Troms og Finnmark kjem truleg på 75 millionar kroner, ifølgje Kommunal Rapport.

I Viken er 85 prosent av budsjettet sett av til tilpassingar av IKT-systema når fylka Akershus, Buskerud og Østfold skal gjenoppstå.

Fylkestinget i Vestfold og Telemark skal behandle oppdelinga 1. november. Det var først anslått at delinga ville koste mellom 80 og 100 millionar, men nye overslag viser at prisen blir 150 millionar, opplyser fylkeskommunen. Heile 66,3 millionar er knytt til tilpassingar av IKT-systema. Fylkesdirektøren ber om at regjeringa dekkjer 149,9 millionar kroner.

Fylkesrådet i Troms og Finnmark behandla budsjettet denne veka og anslår at kostnadene blir på 75 millionar kroner. Dei skal søkje om å få dekt heile summen.

(©NPK)