Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland vil ikkje ha Vestlandsregion

SKEPTISK: Sponheim meiner at ein Vestlandsregion vil gi stor regional ubalanse mellom små og store regionar.

SKEPTISK: Sponheim meiner at ein Vestlandsregion vil gi stor regional ubalanse mellom små og store regionar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Det kjem fram i høyringssvara til samanslåinga av dei tre fylkeskommunane på Vestlandet.

DEL

Lars Sponheim og Magnhild Meltveit Kleppa har no gitt sine høyringssvar til Vestlandsregionen. Medan fylkesmannen i Sogn og Fjordane er positiv til samanslåing med Rogaland og Hordaland, er fylkesmennene i dei to sørlegaste fylka negative, skriv NRK.

Bergens Tidende melder at Fylkesmannen i Hordaland viser til at ein av føresetnadene frå regjeringa er at landet skal ha ti regionar etter reforma.

I Sponheim sitt høyringssvar heiter det mellom anna: «Fylkesmannen meiner at ein Vestlandsregion beståande av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er problematisk når det gjeld desse føresetnadene. Det vil gi stor regional ubalanse mellom små og store regionar i landet, som gjer det vanskeleg å overføre oppgåver frå staten til nye folkevalde regionar».

«Historielaust»

Sponheim meiner også at målforma bør vere nynorsk.

«Etter Fylkesmannen sitt syn er det prinsipp-, kultur- og historielaust å ikkje fastsette nynorsk som offisielt målføre for ein eventuell ny Vestlandsregion» heiter det i svaret.

Han går også hardt ut mot at Sogn og Fjordane er peika ut som lokalitet for leiinga i det nye fylkesmannsembetet.

Rogaland vil vere åleine

Ifølge NRK er Magnhild Meltveit Kleppa svært skeptisk til ein Vestlandsregion.

– Fylkesmannen meiner at den beste løysinga for Rogaland, og for dei som bur og har sitt virke her, er at fylket fortset åleine.

Det er konklusjonen i høyringssvaret frå Kleppa om regionreforma. Ho legg til at fylket eventuelt kan bli tilført kommunar, slik at grensene blir samanfallande med Sør-Vest politidistrikt.

– Det folkevaldeer nærleik til kommunar og andre brukarar. Avstandane i ein stor Vestlandsregion blir store. Det er verken rasjonelt eller effektivt å bruke tid og ressursar på å reise rundt i regionen, verken for politikarar eller administrasjon, meiner ho.

Artikkeltags