Fylkesmannen: - Uforsvarlig behandling og omsorg

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesmannen har bede ein kommune i fylket om å ta lærdom av ei sak der ein pasient døydde av ein alvorleg sjukdom.

DEL

Fylkesmannen konkluderte med at tenestene som vart ytt til ein pasient som seinare døydde ikkje var forsvarlege.

Pasienten var immobil og gjekk på mange medisinar. Pasienten klaga på magesmerter, men desse vart ikkje dokumentert eller rapportert vidare av pleiepersonellet til tilsynslegen.

Med tanke på at pasienten var sengeliggande var vedkommande også i fare for å utvikle trykksår. Dette vart ikkje passa på ein god måte og pasienten fekk ikkje tilstrekkeleg hjelp til fysisk aktivitet, personleg hygiene og andre tiltak som førebygger slike trykksår.

Kommunen har blitt bedt om å gå igjennom saka for å lære. Fylkesmannen forventa at kommunen sikrar systematisk gjennomgang, evaluering og forbetring av rutinar og praksis. Dette for å finne områder med risiko for svikt slik at ein hindrar liknande tilfelle i framtida.

Artikkeltags