Fylkesmannen vår vil opne skulane for dei yngste

VIL OPNE : Fylkesmann Lars Sponheim tek til orde for å la dei yngste gå op skulen,

VIL OPNE : Fylkesmann Lars Sponheim tek til orde for å la dei yngste gå op skulen, Foto:

Lars Sponheim foreslår ei gradvis endring i vedtaket om stenging av barnehagar og skular av omsyn til barna og arbeidslivet.

DEL

BA: Det skriv VG.

Avisa har fått i hende eit brev til Helsedirektoratet, signert fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim, og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Der rår dei direktoratet til å vurdere moglegheita for å tilby opplæring til dei første årstrinna i skulen, for eksempel for første til fjerde klasse.

Dei meiner at det truleg vil vere plass i skulebygga til at det kan skje utan å bryte for mykje med smittevernråda, skriv avisa.

Fylkesmannen underbygger anbefalingen med at det ser ut som om barn blir mindre sjuke av viruset.

Ifølge VG skriv Fylkesmannen i brevet at tiltaka som gjeld no er svært inngripande og har enorme kostnader for enkeltpersonar, bedrifter og samfunnet. Han er dessutan svært uroleg for barn som lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon.

Regjeringa kjem med si vurdering av vidare tiltak på ein pressekonferanse klokka 1600 tysdag.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken