Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vedtok i helga samrøystes at dei vil ha ei folkerøysting om Vestland fylke. Det skriv dei i ei pressemelding søndag.

I pressemeldinga skriv dei følgande:

«I 2020 blei 19 fylke slått saman til 11 regionar. Då fleirtalet av politikarane i Sogn og Fjordane fatta vedtak om Vestland, var det klare føresetnader om at det skulle kome ei rekke nye viktige oppgåver til fylka. Få nye oppgåver har kome til, og den viktigaste premissen for samanslåinga er vekk.

Denne våren er det i fleire regionar gjennomført demokratiske prosessar der folk har sagt meininga si om den framtidige fylkesstrukturen. Unntaket er innbyggarane i Vestland. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner innbyggarane må få seie meininga si om vi skal gå vidare som Sogn og Fjordane og Hordaland eller som Vestland i framtida.

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at også ungdom mellom 16 og 18 år skal ha røysterett i folkerøystinga. Ungdomen har vist eit stort engasjement kring Sogn og Fjordane og dette er det viktig at fylkestinget lyttar til. Ungdomen må få seie sitt, då det trass alt er dei som skal vidareutvikle heimfylket sitt.»

Kort tid etter, skriv Raudt at dei har gjort same vedtaket i sitt fylkesårsmøte:

«Vestland fylke må snarast stille seg i kø etter dei tre samanslåtte fylka som no søkjer om oppløysing. Troms og Finnmark fylke, Vestfold og Telemark fylke og Viken fylke går no inn for dei tidlegare fylkesgrensene. Raudt Sogn og Fjordane ønskjer korte avstandar mellom veljar og representant, ikkje minst geografiske avstandar. Det er eit problem når fylka blir for store. Dette har mange årsaker – nokre er som dei er (geografiske), og andre er meir historiske, men likevel seigliva.

Fylka har ikkje fått vesentleg fleire viktige samfunnsområde å styre, og talet på fylke blir ikkje halvert slik ein argumenterte. Og valet om frivillig samanslåing framfor å bli tvangssamanslått, viser seg no ikkje å vere eit gyldig argument, ettersom tvangssamanslåtte fylket no blir oppløyste.

Kvifor ser fylkespolitikarane bort frå eigne vedtak?

Raudt har fleire gonger teke til orde for rådgjevande folkerøysting for å få klarlagt det som meiningsmåling etter meiningsmåling har vist. Og det må vere slik at fleirtal for oppløysing i eitt av dei «gamle» fylka, er eit råd godt nok til at prosessen for gjenoppretting av Hordaland og Sogn og Fjordane som eigne fylke, skal gjennomførast.

Meiningsmålingane syner at folket i Sogn og Fjordane ikkje vil ha denne samanslåinga og at fleirtalet ønkjer å få tilbake fylket sitt.

Første steg er å få dokumentert dette skikkeleg gjennom ei folkerøysting. Kvifor er mange politikarar og parti så redde for å la folk få seie meininga si?»