Vegtrafikksentralen vest melder at fv. 613 ved Kolven i Vetlefjorden nære Dragsvik er stengd.

– Det er ein stein på ein liten kubikk som har hamna midt på køyrebana, seier trafikkoperatør Christer Eide i Vegtrafikksentralen vest.

Entreprenør har vore på staden og rydda opp. Vegen er opna att for fri ferdsel.