Vegtrafikksentralen Vest melder tysdag klokka 10.01 om at fv. 609 mellom Førde og Askvoll, nærare bestemt ved Hundsåna, vert stengt.

Vegstenginga vil skje frå 16.00, og det er mykje nedbør og stor rasfare som er grunnen.

Det vert gjort ei ny vurdering av staden onsdag morgon klokka 09.00. Om ikkje vegen vert vurdert som trygt då, vil det bli ytterlegare stenging.