Kvart på eitt måndag ettermiddag fekk Vest politidistrikt melding om ein tom kano.
– Det skal ha vore to personar i den for kort tid sidan, opplyste politiet.
Tre tunnelar på E16 vart stengd som følgje av redningsaksjonen. Dette gjaldt Stalheimstunnelen, Sivletunnelen og Gudvangatunnelen.
Politiet klarte å finne to personar etter ei lita stund. Dei hadde begge klart å kome seg i land. Dei stadfesta at det var dei som hadde sete i den aktuelle kanoen.
E16 vart opna igjen like etter klokka 14.00.
Les også
Turistar på kanotur ramla i elva – begge funne i god behald
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33