Gå til sidens hovedinnhold

Fullvaksinerte i Stryn og Sogndal blei koronasmitta

Onsdag kom det fram at det var sju nye koronasmitta i Helse Førde sitt område.

Fire av dei smitta tilhøyrer Sunnfjord kommune.

Stryn kommune og Sogndal kommune skriv på sine heimesider at dei har ein smitta person kvar.

Desse personane er fullvaksinerte.

Nærkontakt til Meat Point-smitta

Smittetilfellet i Sogndal kommune er nærkontakt til ein person som var på Meat Point i Sogndal. Sidan personen er fullvaksinert har personen vore friteken for smittekarantene.

Smittesporinga resulterte i ni nye nærkontaktar.

– At nærkontaktar blir smitta er ei forventa utvikling i smitteutbrot. Vi har førebels god kapasitet på testing og smittesporing, skriv kommunen på sine nettsider.

Lette symptom på sjukdommen

Personen som er smitta i Stryn kommune, er busett i kommunen, fullvaksinert og har berre lette symptom på sjukdom. Smittevegen er ukjend.

Personen har vore på Gamlebutikken på Hjelle den 25. juli i tidsrommet 12.30-14.00. Besøkande som registrerte seg på serveringsstaden har fått melding om at dei kan ha blitt utsett for smitte.

- Smittetilfellet viser at sjølv om ein er fullvaksinert kan ein bli smitta av Covid-19, skriv kommunen på sine nettsider.

Begge kommunane minner om å halde avstand, ha god handhygiene, halde seg heime og teste seg ved symptom.

Les også

Fire nye smitta i Sunnfjord kommune: – Kan komme fleire positive prøver

Les også

Nakstad: Uroa for smitte blant unge

Kommentarer til denne saken