Gå til sidens hovedinnhold

Full stopp i Halbrendslia i natt

Vegen vart stengt i fleire timar då ein breistransport hadde køyrt seg fast.

Politiet fekk melding om at ein spesialtransport hadde køyrt seg fast på E39 i Halbrendslia klokka 00:13. Dei rykte ut til staden, og vogntoget fekk hjelp av bergingsbil.

Statens vegvesen oppmoda i ei Twitter-melding at bilistar køyrde om via Fv 610 over Viksdalen. Først klokka 05:01 kunne dei melde at vogntoget hadde begynt å bevege seg oppover og at vegen var open igjen.

Les også

No stenger E39 mellom Førde og Bergen i fleire dagar – slik kjem du fram

Les også

Gruar seg til E39 mellom Førde og Bergen stenger: – Omkøyringsvegen er ein skandale

Les også

No er byggestart sett. Mongstad: – Brua vil endre kvardagen til innbyggjarane

Kommentarer til denne saken