Klokka 02:30 fekk Vest politidistrikt melding om ein full mann i Vik sentrum.
Mannen i 40-åra skal ha vore ganske rusa og slengd med leppa til politibetjentane.
– Det var ein kranglefant som ikkje ville høyre på politiet, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.
Etter litt fram og tilbake bestemte politiet å ta han med seg og sette han i fyllearresten i Bergen.
Det blir oppretta sak på hendinga.

Les også
Vart stoppa av Utrykkingspolitiet. Det likte han lite

Les også
Kommentarer til denne saken