Energi Norge seier det er umogleg å utsetje ny nettleigeordning som regjeringa og SV er samde om. Ap seier selskapa sjølv må bestemme medan SV åtvarar bransjen.

På ein hasteinnkalla pressekonferanse på Stortinget fredag morgon la Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV fram ein ny og justert straumpakke etter lange forhandlingar kvelden før.

Partia er mellom anna samde om å utsetje den nye og omstridde nettleigeordninga, som eigentleg skulle tre i kraft på nyåret, på ubestemd tid.

Det lèt seg ikkje gjere, seier Energi Norge, som er interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for energiselskap.

– Vi informerte regjeringspartia allereie før helga om at det ikkje er praktisk mogleg å endre dette no to veker før nyttår. Dei nye systema er tekne i bruk og kundane er for lengst informerte, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge.

Også nettselskapet Elvia meiner ei utsetjing er vanskeleg, skriv Aftenposten. Det same melder Distriktsenergi, som representerer nett- og kraftselskap i distrikta, skriv E24.

SV åtvarar om sinte straumkundar

SVs miljøpolitiske talsperson, Lars Haltbrekken, åtvarar nettselskapa mot å innføre den nye ordninga.

– Då må dei førebu seg på ein storm av sinte kundar og at vi vil utfordre regjeringa på grad av lov av dette innanfor dagens lovverk, seier Haltbrekken til NTB.

Han seier det bør vere sjølvsagt at dagens ordning kan førast vidare og stussar over argumentet om at det ikkje er praktisk mogleg med ei utsetjing.

– Då er eg veldig forundra over korleis det står til i den norske kraftbransjen. Då har nettselskapa følgt forferdeleg dårleg med i den offentlege debatten. Dei bør, som alle andre, vere klar over at vi har ei mindretalsregjering, seier Haltbrekken.

Ap vil la selskapa avgjere

Terje Aasland, energipolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, meiner på si side at det er opp til nettselskapa sjølv å ta denne avgjerda.

– Akkurat sånn situasjonen er no, synest vi det er uklokt å ha eit pålegg om å innføre nye nettariffer. Så erkjenner vi at mange selskap er førebudde på å gjere det, og meiner det er rett å gjere det no, seier Aasland til NTB.

– Sjølv om dei òg skal handtere ein stor straumpakke på over fem milliardar kroner, så må dei kunne ta den avgjerda, seier han.

Aasland seier det viktige for Ap er at selskapa ikkje blir pålagde å innføre den nye ordninga frå 1. januar.

– Så er det nok litt ulike meiningar om kva som er rett og ikkje, og det aksepterer eg, seier han.

– Ikkje truverdig

Både forbrukarorganisasjonen Huseierne og Norske Boligbyggelag (NBBL) meiner det er viktig at nettselskapa no lyttar til Stortinget.

– Det er viktig at selskapa følgjer opp dei politisk signala som blir gitt, seier energipolitisk rådgivar Linda Ørstavik Öberg i Huseierne til E24.

Administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i NBBL meiner det ikkje står til truande at nettselskapa ikkje kan vente med å innføre nye tariffar.

– Selskapa har inntil denne månaden fakturert hushalda etter dei gamle tariffane, så det verkar for meg utenkjeleg at det skal vere umogleg, seier Folke Fredriksen til NTB.

(©NPK)