Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar skred – fylkesveg 609 opnar ikkje før fredag

Fv 609 mellom Førde og Askvoll blir stengd frå onsdag kveld til fredag.

Fylkesveg 609 blir stengt ved Hundsåna onsdag kveld på grunn av fare for skred. Vegen vil vere stengd frå klokka 20.00 på onsdag, og i alle fall fram til klokka 08.00 fredag morgon. Då skal Statens vegvesen gjere ei ny vurdering.

– Vi vil følge med på vêret fortløpande, så om vêret endrar seg kan det vere at ein vurderer tidlegare opning, seier Nina Heggernes, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Det er meldt om store mengder nedbør frå onsdag kveld til torsdag kveld.

Les også

Gult farevarsel for flaum- og jordskred

Les også

– Håpet er ikkje ute. Det kan framleis komme pengar til Heilevang

Les også

Fv. 609 fekk ikkje midlar. Det gjer Venke fortvila: – Folk risikerer livet på veg til jobb

Kommentarer til denne saken