Han er dagleg leiar i Berge & Co, eit familieeigd bilkonsern med røter til 1954 og hovudavdeling i Førde. Denne tysdagen vart det offentleggjort at bedrifta blir kjøpt opp av Frydenbø Bil.
Kjøparen er ein av Norges største Volvo-forhandlarar og har åtte avdelingar fordelt på Vestland og Agder fylke. Dei har hovudkontor i Bergen og har historie som strekk seg tilbake til 1916.

Øyvind Berge: – Ikkje berre berre å selje ei bedrift vi har hatt i 68 år
Øyvind Berge forklarer oppkjøpet i ei pressemelding:
– Den vidare veksten fabrikk og importør forventar, vil krevje store investeringar. Etter ei samla vurdering har vi kome til at det blir for stort og risikabelt for Berge & Co å ta dette steget åleine. Derfor har vi no valt å selje verksemda til ein aktør som har økonomiske musklar og erfaring til å sikre framtidig drift – kanskje nasjonalt på sikt.
Salet gjeld sjølve selskapet, ikkje bygningar. Familien Berge kjem til å leige ut eigedommane gjennom eit eige selskap.
Berge & Co har 125 tilsette. Frydenbø Bil vil vere oppe i 365 tilsette etter oppkjøpet.
– Kjøpet er eit viktig strategisk grep knytt til å utvide Frydenbø sitt geografiske nedslagsfelt og merkevareportefølje, seier konserndirektør i Frydenbø Bil, Arne Kjetil Møkster.

Elbiltalet i Sogn og Fjordane har dobla seg på to år: – Slår beina under alle bomprosjekt i framtida

Frank trappar ned og forlet sjefsstolen. Går til ny jobb i konsernet

Normalt brukar det å vere minst ni bilar i lokalet – no er det berre to
