Frustrerte naboar kontakta politiet då full dame lagde støy

DEL

Det har vore er roleg natt i vår del av Vest politidistrikt, opplyser operasjonsleiar Terje Magnusen til Firda onsdag morgon.

Men, med eit lite unntak:

–Like før klokka 01.00 fekk vi ein telefon frå folk på Moskog. Dei klaga på at det var ei rusa dame som stod og ropte og skrålte utanfor. Det var ein del støy.

Kvinna var ein del av ein gjeng med fleire damer.

Men det tok ikkje lange stunda frå meldinga kom inn, før saka ordna seg utan politiet si innblanding:

– Det kom ein taxi og kvinna hoppa inn i den og reiste, så då ordna saka seg, seier Magnussen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken