Fredag forsvann Frøya (2) under ein skitur på Storehesten.

Eigaren, Oddbjørn Mulen har leitt etter hunden så lenge, og i så mange dagar, at gnagsåra er så ille at han ikkje kan gå meir.

– Eg hadde hunden i band stort sett heile tida. Men når vi køyrer nedoverbakke, pleier eg la ho springe fritt, seier Mulen.

Jakthund

Frøya er ein jakthund, og Mulen hadde sett nokre hjortespor på veg opp. Det var på veg nedover igjen at Frøya forsvann.

– Ho ville nok nøste opp i desse hjortespora. Det var slik ho forsvann, seier han.

Mulen kom tilbake tidleg neste morgon for å leite. Der fann han spora til Frøya som viste at ho hadde gått mot Lisjehesten-platået.

– Ho hadde følgt hjorten, men feil veg. Hunden hadde følgt desse hjortespora i rundt to kilometer. Så snudde hunden, men ho følgjer ikkje sine eigne spor, men har fortsett mot Lisjehesten. Der stoppar spora ved ein kant, seier han.

Mulen såg at snøen var bresten opp der. Ho må ha ramla ned, tenkte han.

– Desperat jakt

Mulen tok turen på undersida av fjellet for å sjå om han kunne sjå spor etter hunden der.

– Eg såg ingen spor. Eg kunne heller ikkje sjå om hunden låg på ei fjellhylle, seier han.

Han kom tilbake med ei varmesøkjande drone. Men dette gav inga resultat.

– Hunden er vand med å vere i fjellet og ho har vore mykje på jakt. I tillegg er det ein hunderase som er robust, så det kan godt tenkast at hunden er der ute. Om nokon har funne ho, eller observert ho, håpar eg folk seier ifrå.

– Hunden betyr mykje for oss. Ho er som eit familiemedlem. Ho er veldig sosial og ein god jaktkamerat, seier Mulen.

No tenker Mulen på å leige helikopter for å komme seg nærmare fjellsida der spora forsvann. Han ønsker forsikre seg om at hunden ikkje ligg på ei fjellhylle.

Har du sett Frøya? Eller har du sett einsame hundespor rundt Storehesten eller Lisjehesten: Ta kontakt med Firda på [email protected] eller ring 57833300.