Klokka 18.30 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Sognefjordvegen i Leikanger.

Der skal to bilar ha frontkollidert, og den eine bilen skal ha gått rundt, melder politiet. Alle involverte skal ha kome seg ut, men kor mange som var i bilane er ikkje kjent.

Skadeomfang er heller ikkje kjent.

Det skal vere totalt fem personar involvert. Tre barn og to vaksne, melder politiet. Alle er bevisst, men skadeomfanget er ukjent.

Luftambulanse er på staden.