Gå til sidens hovedinnhold

Front mot front-kollisjon ved Vikaneset

Tysdag klokka 12.29 fekk politiet melding om ei front mot front-ulykke på fylkesveg 5600 ved Vikafjorden i Vik.

Bilane skal ikkje ha hatt høg fart då ulykka skjedde.

Det var ein person i kvar av dei to bilane som var involvert, opplyser politiet. Ingen av dei er skadde, men eine bilen skal ikkje vere køyrbar.

– Kva årsaka til ulykka er, veit vi ikkje heilt enno. Men politiet er no på staden og avhøyrer dei involverte, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til Firda klokka 13.25.

Det er ikkje meldt om at vegen er glatt, men den skal vere ganske så smal på ulykkesstaden. Politiet kverrsette ingen førarkort, men opprettar likevel rutinemessig sak.